«Feil, upresist og ganske overraskande»
– Grunnlova seier at ytringsfridom skal finna stad, og at dei statlege styresmaktene skal leggja til
rette for dette. Kommisjonen har kalla rapporten «Open og opplyst offentleg samtale». Språk er ei konkretisering av desse rettane, og ein føresetnad for å kunna ytra seg. Derfor er det skuffande at kommisjonen ikkje har tematisert språk i det heile, seier Åse Wetås. Norsk Tidend møter henne i kontora til Språkrådet.
– Grunnlova seier at ytringsfridom skal finna stad, og at dei statlege styresmaktene skal leggja til
Språk er ei konkretisering av desse rettane, og ein føresetnad for å kunna ytra seg. Derfor er det skuffande at kommisjonen ikkje har tematisert språk i det heile, seier Åse Wetås. Norsk Tidend møter henne i kontora til Språkrådet.
Åse Wetås, Direktør i Språkrådet
– Dei siste 150 åra har me sett regelrett diskriminering og avgrensingar på folks moglegheiter til å bruka sitt språk. Kommisjonen har ikkje sett på dei reelt ulike kåra folk har til å ytra seg på sitt språk i Noreg i dag, utdjupar ho.
Upresist og feil om språk
I dokumentet på 356 sider er ordet «nynorsk» nemnt 9 gonger totalt. Sjølv om variantar av ordet «språk» er nemnt omkring 150 gonger, er det ingen eigne kapittel dedikerte til språkbruk i Noreg.
Wetås reagerer særleg på det ho meiner er faglege feil og upresis omgrepsbruk i utgreiinga.
– Det verkar ikkje som kommisjonen har hatt språklova med seg inn i arbeidet sitt. Dei definerer til dømes samisk som eit minoritetsspråk, men dei samiske språka har status som urfolksspråk. Dei språka som faktisk har status som minoritetsspråk i Noreg, kvensk, romani og romanes, er saman med norsk teiknspråk derimot ikkje nemnde som ein del av det tradisjonelle norske språkmangfaldet. Det er rett og slett feil, upresist og ganske overraskande.
Wetås siktar til at det i utgreiinga frå Ytringsfridomskommisjonen står at Noreg har «to offisielle språk», norsk og samisk. Faktum er at Noreg i dag har ei rekkje språk som er omfatta av språklova: norsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.
Det verkar ikkje som kommisjonen har hatt språklova med seg inn i arbeidet sitt.
Åse Wetås
Hovudspråket er norsk, der bokmål og nynorsk er likeverdige og jamstilte skriftspråk. Ytringsfridomskommisjonen omtaler derimot nynorsk og bokmål som «målformer», men omgrepet «målform» er altså ikkje lenger i bruk i lova.
Det finst fire samiske språk, som er klassifiserte som urfolksspråk.
Deretter har ein dei nasjonale minoritetsspråka, kvensk, romani og romanes. Så har ein norsk teiknspråk. Alle desse språka har likeverdig status med norsk.
Uopplyst og provoserande
– Kommisjonen omtaler omtrent ikkje teiknspråk. Når det er nemnt, framstår det som eit «hjelpemiddel» for døve. Teiknspråk er anerkjent som eit språkleg og kulturelt likeverdig språk med norsk. At dei bommar på dette, verkar uopplyst og må framstå som provoserande for alle som har norsk teiknspråk som sitt førstespråk eller hjartespråk, seier Wetås.
– Brukarar av teiknspråk har store utfordringar i møte med digitaliseringa. Dei har mykje vanskelegare kår for å ytra seg enn dei fleste andre. Dette har likevel ikkje kommisjonen sagt noko om, legg ho til.
– Brukarar av teiknspråk har store utfordringar i møte med digitaliseringa. Dei har mykje vanskelegare kår for å ytra seg enn dei fleste andre. Dette har likevel ikkje kommisjonen sagt noko om, legg ho til.
Åse Wetås
– Kor mange er det som brukar teiknspråk i Noreg i dag?
– Det nøyaktige talet har eg ikkje, men eit anslag er rundt 15 000. På storleik med ein liten norsk by.
Digitale taparar
– Det var særleg teknologi og digitalisering som var av interesse for den nye Ytringsfridomskommisjonen. Språk er heller ikkje nemnt i mandatet dei blei gitt. Kva vil du svara til det?
– Språk burde som sagt vore ei overordna ramme. Når digitalisering var eit særleg fokus, er det fleire ting dei kunne sett på. Det er store forskjellar i tilgangen på digitale ressursar for språka i Noreg. Nynorskbrukarar og brukarar av alle dei andre mindretalsspråka i Noreg er taparar i det digitale. Dei møter omtrent berre bokmål. Desse forskjellane burde vore av interesse, svarar Wetås.
– Dei kunne også tatt opp at det framleis er store og små mediehus i Noreg som ikkje tillèt nynorsk i spaltene sine. Ei slik redaksjonell avgjersle er reint politisk. Hadde fråværet av nynorsk på redaksjonell plass vore grunngjeve i at mediehusa mangla kompetanse på å handtera nynorsk, ville det vore eit betre, men likevel dårleg argument. Det er rett og slett eit litt ubehageleg symptom at det er haldningar til språket vårt som får nokon til å ekskludera heile grupper frå å ytra seg språkleg fritt.
Insentiv til mangfald
– Er det noko ein kan gjera med dette?
– Me kan gje positive insentiv til større språkmangfald i privat sektor, men språklova kan ikkje formulera same typen pliktreglar overfor private og ideelle aktørar som dei som gjeld i det offentlege. Me må heller jobba for betre haldningar, og utdanna dyktige nynorskbrukarar innanfor mediebransjen. VG skal ha honnør for å fjerna nynorskforbodet sitt. La oss håpa andre følgjer etter.
Du kan lesa intervjuet med kommisjonsmedlem Jan Inge Sørbø her.