Kva er vitsen med nynorsk?
To medlemmer i Noregs Mållag, to ulike perspektiv. Rolf Theil og Jens Haugan svarar på heilt grunnleggjande spørsmål for alle nynorskvener.
Spørsmåla er laga av prinsipprogramnemnda i Noregs Mållag, som tek imot innspel til nytt prinsipprogram frå heile laget fram mot landsmøtet i 2020.
1 Snakk ? – skriv nynorsk / Snakk dialekt – skriv ?
«Snakk dialekt, skriv nynorsk» er eit slagord frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom. Er det eit gyldig slagord i dag, eller bør me skilja mellom korleis me talar og korleis me skriv? Er det ein fordel å ha eit skriftspråk som ligg nære talemålet, eller vil det vere lettare å skriva normert språk når ein snakkar dialekt som skil seg frå skriftspråket?
JENS:
Det gamle slagordet «Snakk dialekt, skriv nynorsk!» har absolutt gjort jobben sin når det gjeld bruken av dialekt på alle arenaer i samfunnet. I utgangspunktet kan ein i dag bruke dialekt meir eller mindre overalt utan å måtte rekne med negative reaksjonar. Så slagordet gjeld framleis. Kanskje hadde det vore ein idé å seie: Viss du først skal normalisere («knote»), normaliser mot nynorsk i staden for mot bokmål.
ROLF:
Slagordet «Snakk dialekt, skriv nynorsk» er gåtefullt, sjølv om den lause tolkinga er at alle fuglar skal syngje med sitt nebb og skrive nynorsk. For lingvistar tyder dialekt oftast ‘variant av eit språk’ – men kva anna kan ein snakke? For mange tyder dialekt ‘ein annan variant av eit språket enn standardvarianten’. Men kan vi ikkje snakke standard nynorsk, og skal ikkje alle skrive nynorsk?
Nynorsk byggjer på norsk folkemål og den nynorske skrifttradisjonen, i motsetnad til bokmålet, som byggjer på ein dansk skrifttradisjon og «den dannede dagligtale» – i utgangspunktet eit dansk talemål.
Eit skriftmål bør liggje nær talemålet, men treng ei stabil form og bør ikkje endrast i takt med endringar i talemålet. Strengt teke hadde vi ikkje trunge å endre Aasen-normalen.
Nærleik til talemålet føreset ikkje valfrie former. For dei fleste er det enklast med ei stram norm som ein møter allstad. Valfrie former kom med samnorskpolitikken: Då samleformene kom inn, gjekk ikkje dei tradisjonelle formene ut. Valfridom i standardiserte skriftspråk er svært uvanleg i eit internasjonalt perspektiv.
2 Minoritetsspråk eller mindretalsspråk?
Nynorsk og bokmål er likestilte skriftspråk i Noreg, men nynorskbrukarane og nynorskbruken er i mindretal. Skal me definera nynorsken som eit minoritetsspråk med dei same rettane som andre minoritetsspråk, eller skal me jobba for ei reell språkleg likestilling mellom bokmål og nynorsk? Kva er minoritetsspråksproblemet til nynorsk? Kva er det med jamstillingstanken som er bra, og kva er det med han som er dårleg?
JENS:
Dersom ein definerer nynorsk som eit minoritetsspråk, vil ein risikere at det blir akseptert å bruke nynorsk blant nynorskbrukarar, men at det elles ikkje har nemneverdige rettar i storsamfunnet. Ein ventar til dømes ikkje at alle i Noreg skal kunne lese (eller skrive) samiske språk, kvensk eller andre offisielle minoritetsspråk. Nynorsk og bokmål er dei to offisielle normerte målformene som representerer norsk, og dei må ha dei same rettane på alle arenaene i samfunnet.
ROLF:
Nynorsken må ikkje definerast som eit minoritetsspråk. Vi må ikkje la manglande gjennomføring av jamstellinga mellom dei to skriftspråka få oss til å gje opp jamstellingstanken. Reell jamstelling mellom to språk skal ikkje føresetje at dei er like store.
3 Kvifor er me målfolk, og kva er vitsen med nynorsk?
Kva er det med det språklege og kulturelle prosjektet nynorsk som gjer at me er målfolk? Eit lite land med berre 5 millionar innbyggjarar har to ulike skriftspråk som alle må læra. Kvifor? Kva er vitsen med å kjempa for å halda oppe dette vesle språket? Kvifor er det viktig å ta vare på nynorsk i dag og styrkja han i dag? Er det nokon som ikkje bør skriva nynorsk?
JENS:
Begge målformene – og dansk! – representerer norsk språk- og samfunnshistorie etter svartedauden. Det er enorme mengder med tekstar som har blitt skrivne på landsmål og nynorsk sidan 1800-talet. Dersom nynorsk skulle bli redusert til ein historisk blindveg ved å miste status som offisiell målform, vil alle tekstane frå dei siste 150 åra kunne risikere å bli definerte som historiske raritetar i staden for viktige uttrykk frå medlemmar i eit samfunn som blant anna representerer ein motkultur og tankar som fortener refleksjon.
ROLF:
Nynorsken er ikkje eit lite språk. Det er stort og privilegert. Nynorsk – og ikkje bokmål – er det skriftlege uttrykket for det norske språket. Norsk og dansk-norsk ville vere dei historisk korrekte namna på skriftspråka våre. Då lova om lærarskular blei revidert i 1928–29, var det debatt om namnespørsmålet i Kyrkje- og skulekomiteen og i Stortinget. Med knapt fleirtal blei det vedteke i Lagtinget at namna nynorsk og bokmål skulle nyttast i lovteksten. Målrørsla gjekk inn for å gje landsmålet namnet norsk og riksmålet namnet dansk, eventuelt dansk-norsk eller norsk-dansk.
Det er ikkje noko spesielt at eit land med så mange som 5 millionar innbyggjarar har to ulike skriftspråk som alle må lære. Fleirspråklege samfunn og fleirspråklege individ er det vanlege i verda.
4 Me må stå saman om kampen mot engelsk, målrørsla må leggja «små», norskinterne usemjer til sides
Det norske språket blir stadig påverka av engelsk. På fleire samfunnsområde erstattar engelsk norsk som bruksspråk, særleg innanfor akademia. Korleis skal norsk møta utfordringane med engelsk? Skal me kjempa for det felles norske språket og leggja kampen for nynorsk til side, eller er det viktigare å behalda nynorsk enn å jobba for det norske språket som heilskap? Er målkampen stor og viktig nok i kampen mot verdsspråket engelsk, eller skal me leggja dei små kampane daude for å vinna den store kampen?
JENS:
Påverknaden frå engelsk har ingenting å gjere med forholdet mellom dei to målformene, så denne typen problematikk bør ikkje føre til at ein meiner nynorsk kan ofrast. Engelsk trugar per i dag ikkje kvardagsspråket og den språklege identiteten til innbyggjarane i Noreg. Sjølv om norsk (blant anna via dansk) blei svært påverka av tysk i hansatida, gjekk ein ikkje over til å skrive tysk i Noreg. Sjølv med mange lånord er norsk framleis norsk.
ROLF:
Dette er ei svært kunstig problemstelling. Ein kan då verkeleg samarbeide med bokmålsfolk i kampen mot engelsk utan å gje opp seg sjølv. Dessutan er også kampen mot påverknad frå bokmål viktig. Ein må kunne ha fleire tankar i hovudet samtidig. På visse felt har bokmålsfolk og nynorskfolk sams interesser, på andre felt er det ikkje slik. Det er ingenting ved den nasjonale kampen mot engelsk som tilseier at nynorsk er mindre viktig.
5 Individuelt vs kollektivt utgangspunkt – er nynorsk eit individualistisk eller kollektivistisk prosjekt?
Skal folk velja nynorsk fordi det
heng saman med dialekten deira og identiteten deira, eller fordi nynorsk er eit viktig kollektivistisk prosjekt? Og kva er det som gjer nynorsk til det eine eller det andre? Er nynorsk til for enkeltbrukaren eller for samfunnet? Dersom me argumenterer for at me skriv nynorsk med utgangspunkt i vår eigen identitet, kan me då krevja at andre språkbrukarar som meiner dei har ein annan identitet, skal skriva nynorsk fordi me krev det? Er det til dømes rett at heile skulekrinsen skal avgjera skulemålet ved ein skule, eller er det ei sak berre «dei det gjeld», burde få meina noko om?
JENS:
Eit statsspråk er individovergripande og må vere eit kollektivt prosjekt. Dersom ein gjev opp nynorsk som
si individuelle målform, er ein med på å undergrave moglegheita for at andre i kollektivet skal kunne halde fram med å bruke nynorsk som si målform. Det er derimot ikkje uproblematisk å krevje at dei som ikkje har valt nynorsk som si målform, skal kunne skrive nynorsk. Dersom norsk med begge målformene, nynorsk og bokmål, skal kunne
vere eit kollektivt prosjekt for Noreg som storsamfunn – og kanskje med ein felles front mot engelsk, er ein nøydd til å arbeide med respekt og toleranse for begge målformene. Det kan hende at enda større fokus på
at begge målformene er representerte absolutt overalt gjennom heile skoleløpet frå barnehagen og opp til høgare utdanning – utan at det såkalla «hovudmålet» kan føre til at den andre målforma i praksis ikkje er representert i dei fleste lærebøkene, vil kunne resultere i at norsk, med begge målformene, blei eit kollektivt prosjekt for alle.
ROLF:
Nynorsk er – og bør vere – eit kollektivistisk prosjekt. Korkje eit talemål eller eit skriftmål er til for individet. Eit språk er per definisjon eit kollektivistisk prosjekt. Det norske språket – slik det berre kjem til uttrykk gjennom det nynorske skriftspråket – har ein eigenverdi. Det norske språket kjem ikkje til uttrykk gjennom bokmålet. Bokmålet er dansk med nokre små norske innslag.
Her tillèt eg meg faktisk å bruke ordet nasjonalt. Språket er ein sentral del av definisjonen av ein nasjon. Ein kan ikkje forstå framvoksteren av skriftspråka i europeiske land utan å dra inn nasjonalismen, den mest dominerande kollektivistiske ideologien i verda sidan slutten av 1800-talet, og like mykje i dag.
I moderne europeisk kultur (i Europa og i europeiske utvandrarsamfunn i Amerika, Afrika og Australia) er individualismen – ofte kalla liberalisme – ein sterk ideologi, ofte så sterk at han går på kostnad av det kollektive. Ein sterk individualisme – eller identitetspolitikk – fører lett til oppløysing av dei større kollektiva som gjev den styrken som trengst i kampen mot ein sams fiende.
6 Asymmetri eller skjematisk likebehandling?
Jamstillingsvedtaket opna i si tid for at nynorsk og bokmål skulle stillast likt. Det meste av målstriden har også teke utgangspunkt i at rettane må vera like anten ein er nynorskbrukar eller bokmålsbrukar. Like rettar i praksis kan likevel føra til at det minst brukte språket kjem langt dårlegare ut enn fleirtalsspråket. Bør vi i større grad gå inn for ulike/asymmetriske verkemiddel (til dømes det stortingsmeldinga Mål og meining kalla «positiv diskriminering») for å vega opp for det skeive utgangspunktet, eller er vi best tente med å stå fast ved at tiltaka og rettane skal vera like?
JENS:
Det er vanskeleg å skjønne at over hundre år med offisiell likestilling av målformene ikkje har ført til reell likestilling. Så lenge som heller ikkje staten klarer å bruke begge målformene i like stor grad, vil det vere behov for såkalla positiv diskriminering. Stortingsmeldinga Mål og meining er eit av dei mest tydelege og progressive dokumenta som har blitt skrive om norsk språkpolitikk. Det er ei skam at denne stortingsmeldinga i praksis er ukjend for dei fleste, og at den
i veldig liten grad har blitt følt forpliktande og blitt følgd opp. Det er ikkje nok å skrive politiske dokument, ein må også gjennomføre det ein har vedteke.
ROLF:
«Positiv diskriminering» er eit svært utbreitt verkemiddel i alle demokratiske samfunn. Det blir nytta for å fjerne «negativ diskriminering». «Positiv diskriminering» har vore nytta i periodar i mange land til dømes for å redusere diskrimeringa av kvinner eller av underprivilegerte grupper av ulike slag.
7 Språkleg konkurranse eller språkleg mangfald?
Dei seinare åra har målrørsla gått meir og meir over til å snakka om og fremja språkleg mangfald i staden for berre nynorsk. Kor langt strekkjer mangfaldstankegangen seg, og kven rommar han? Tenkjer vi på same måten om bokmål som samisk i det språklege mangfaldet vi vil ha i framtida? Kan mangfaldet bli så stort/ dominerande at det går ut over det rimelege rommet nynorsk bør ha?
JENS:
Sjølvsagt skal vi ha språkleg mangfald i Noreg. Nynorsk konkurrerer ikkje med samisk. Nynorsk er den eine av dei to offisielle målformene som representerer norsk, som er det offisielle statsspråket i det norske storsamfunnet. Det rokkar ikkje ved statusen til samisk, men nynorsk kan ikkje miste status fordi ein også har eit anna språk som har status. Eit alternativt, men uønskt, perspektiv ville vere å gjere nynorsk til eit minoritetsspråk, og at dette språket blei knytt til det nynorske kjerneområdet, som i neste omgang måtte ha rett til å ha eit eige nynorskting, og til dømes forvalte sitt eige språk ut frå eigne vurderingar, uavhengig av Språkrådet og anna innblanding frå storsamfunnet.
ROLF:
Det er ingen motsetnad mellom å kjempe for rettane til nynorsken og det å sjå at det er eit språkleg mangfald i verda og i Noreg, eit språkleg mangfald som vi stør.
Det er ingen grunn til å tenkje på same måten om dei samiske språka og bokmål. Dei samiske språka er minoritetsspråk og urfolkspråk. Bokmål og nynorsk er språka til majoriteten, og dei trugar dei samiske språka. Bokmålet trugar nynorsken, og ikkje omvendt.
8 Er nynorsk eit språk eller ei målform?
Kan både bokmål og nynorsk vera norske, men like fullt to ulike språk? Har det noko å seia kva formuleringar me bruker? Har eit språk andre rettar enn ei målform – bør det ha det?
JENS:
Sjølv om nynorsk også kan reknast som eit eige språk, bør nynorsk i språkpolitisk samanheng reknast som éi av dei to offisielle målformene som representerer det norske statsspråket. Skal nynorsk vere ei offisiell målform som alle aksepterer, og som mange vel som si personlege målform, må nynorsk vere norsk. Det vil seie at ord og uttrykk kjennest naturlege for den enkelte språkbrukaren. Polemiske utfall frå begge sidene, der ein rakkar ned på konkrete ordformer som tilhøyrande den andre målforma, og som dermed er «uakseptable», er på lang sikt ikkje fruktbare. Det hjelper ikkje nynorsken dersom ein meir eller mindre desperat prøver å luke ut alle ordformer som kan likne på bokmål, når desse ordformene er vanlege i dei fleste dialektene. I «verste» fall kan ein risikere at nynorsk blir like fjern for enkelte språkbrukarar som dansk var i dei hundreåra dét var det einaste offisielle skriftspråket i Noreg. Alle levande språk må vere dynamiske og kunne ta opp i seg nye ord og eventuelt grammatiske trekk. Dersom ein vel ei snever og puristisk tilnærming til nynorsk, vil ein redusere målforma til nettopp eit skriftspråk, på lik linje med latin eller esperanto. Det vil fungere i ei viss tid – til det blir så trongt at det ikkje eignar seg som bruksspråk lenger. Norsk er nynorsk og bokmål, som er to ulike skriftlege normeringar for alle dei norske talemåla.
ROLF:
Bokmål og nynorsk kan begge vere norske, og like fullt to ulike språk. Dei er begge norske i den tydinga at dei er språk som primært høyrer heime i Noreg og primært blir nytta av nordmenn. Men berre nynorsk er norsk i den tydinga at det byggjer på norsk folkemål. Bokmålet er dansk-norsk.
Bokmål og dansk står nærmare kvarandre enn bokmål og nynorsk. Då blir det absurd å seie at bokmål og nynorsk er «målformer» av det same språket og at dansk er eit anna språk. Frå 1885 og eit lite stykke inn på 1900-talet hadde vi ein ganske spesiell språksituasjon i Noreg. «Det norske språket» fanst i to «målformer», og den eine målforma var identisk med det offisielle danske språket i Danmark.
Termen målform blei laga for dansk-norskens skuld. Det følgjer av § 33 i grunnlova at «det norske Folkesprog» og «vort almindelige Skrift- og Bogsprog» begge blei rekna som norske. Når to ulike skriftspråk begge blei rekna som norske, trongst ein eigen terminologi, som kom kort tid etter jamstillingsvedtaket i 1885 – jamfør § 73 i lov om Folkeskolerne paa Landet, frå 1892: «Undervisningen skal foregaa i det norske Sprog. Skolestyret bestemmer, om Skolens Læse- og Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket af disse Maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes.
Her er Sprog nytta i uttrykket «det norske Sprog». Maal blir derimot nytta om dei skriftlege variantane av «det norske Sprog», nemleg Landsmaal og det almindelige Bogmaal. Snart blei Maal bytt ut med Maalform, mellom anna i lov om Lærerskoler og Prøver for Lærere og Lærerinder i Folkeskolen af 18de Januar 1902, som innførte obligatorisk sidemålseksamen. Dei som hadde Landsmaal som hovudmål, fekk det almindllige Bogmaal som sidemål, og omvendt.