Landsmøte 2022
Fredag 1. april til sundag 3. april 2022 er det landsmøte på Scandic Oslo Airport på Gardermoen.

Sidan det er landsmøte annakvart år, og sidan det har vore pandemi siste åra, har det vore færre møteplassar. Difor er det ekstra viktig å få med seg dette landsmøtet. Vi vonar nye tillitsvalde som ikkje har vore på landsmøte før, tek turen.
Hovudtalar vert kunnskapsminister Tonje Brenna som skal snakka om opplæringslova. Vi vedtek nytt prinsipprogram for organisasjonen og nytt fireårig arbeidsprogram. Det vert også kjekke middagar med minikonsert med Frida Ånnevik fredag kveld og festmiddag laurdag kveld på landsmøtehotellet.
Vi legg ut saker og pressemeldingar frå landsmøtet her etter kvart.
Nokre viktige tidspunkt frå sakslista:
Torsdag 31. mars:
21.00 Formøte. Eitt for kvinner og eitt for menn. Møta vert leia av leiar Peder Lofnes Hauge og nestleiar Synnøve Marie Sætre.
Fredag 1. april:
09.00 Opninga av landsmøtet
09.50 Prisutdeling: Nynorsk litteraturpris og Nynorsk barnelitteraturpris
10.00 Leiartalen ved Peder Lofnes Hauge
14.00 Vilkåra for nynorskelevane i skulen ved kunnskapsminister Tonje Brenna
16.35 Prinsipprogram ordskifte
20.00 Minikonsert med Frida Ånnevik
20.30 Middagsbuffet
Laurdag 2. april
09.00 Opplesing ved forfattar Arnfinn Kolerud
09.10 Arbeidsprogram ordskifte
14.10 Fråsegner ordskifte
20.00 Festmiddag
Sundag 3. april
09.30 Debatt og vedtak
14.10 Val
14.55 Vel heim!
Her finn du innkallinga til landsmøtet, praktisk informasjon, påmeldingsskjema mm:
Sakshefte med sakspapir til landsmøtet
Årsmelding for Noregs Mållag 2020-2022
Meir informasjon om landsmøtet
Årsmeldingsskjema for lokallag og yrkesmållag
Årsmeldingsskjema for fylkesmållag